Utstyr Tips

Kva utstyr skal  ein  velja? 

Her er  våre tips, basert på det me likar å bruka.  Ein treng sjølvsagt ikkje alltid det nyaste og beste- dei for på tur før Gore-tex kom på bana og.. Men skal du kjøpa noko nytt, kan du kanskje dra nytte av desse tipsa.  God Tur!

 

 

Ull/innerst:  Aclima sine produkt er  utruleg bra!  Slitesterkt, varmt og gode løysingar.  Woolnet er utprøvd  på fleire harde og lange turar og  har bestått.  Woolnet innerst, lightwool uttapå som grunnutrusting- og hotwool i reserve. God plan. Har både lange truser og ull-bh, hals og hua som er bra. Northern Playground har ein smart stillongs med glidelås i sidene, som gjer lufting og regulering lett. 

 

Mellomlag:  Houdini sin  Power Houdi er genial!  Me har fleire slike kvar i forskjellige fragar- fordi den fungerar til alt. Klatring, padling, lange skiturar, toppturar. ALT. 

 

Skalbekledning/ytterst: Arcteryx  sin Alpha jakke og bukse er knallbra! Det er viktig med god hette på jakka, godt plasserte lommar, lufting under armane og langs beina. 

 

Dun/primaloft: Rab har flotte dunprodukt som veg lite og varmar mykje. I tillegg er stoffet slitesterkt  og  passforma fin. 

 

Fjellsko: Her har me brukt La Sportiva Trango S Evo GTX lenge, men no prøver Sigrid Salewa  Rapace GTX, som ho er nøgd med. 

 

Telt: Hilleberg! Ingen over, ingen ved sida av.  Nammatj 3 GT og Keron 3 GT fungerar som våre vinter og heilårstelt.

 

Liggeunderlag: Termarest Neo Air all season, med Exped sitt Chair kit M. Genial kombo! 

 

Sovepose: Rab  og Mountain Equipment har varme og lette produkt. 

 

Fjellskisko: Alfa Quest Advance (Skarvet) eller Quest A/P/S og Alfa A/P/S (Northpole) til dei kalde turane.

Tenk at det går an å ikkje frysa på føtene i 30 minus. Hurra! Oppi  A/P/S(Northpole) skoen må du ha ein ullkartank og ein Helly Hansen  Polsokk uttapå. Inni tek du ein  dampsperresokk frå Exped- kalla  VBL socks og heilt innerst ein tynn ullsokk frå smartwool. 

 

Fjellski: Åsnes! Velg Amundsen til den lange skituren med pulk og Gamme ski til alt anna. Nansen viss du vil ha dei litt breiare. Kortfell og langfell frå Åsnes. BC manuell binding.

 

 

Stavar: Black Diamond sine  teleskopstavar, med klikk-lås. Kjøp aldri med skru-lås, fungarar ikkje. 

 

Toppturski: SGNskis -> Sander  likar Hurrungane 89, Sigrid diggar Rakkar. 

 

Topptursko: Dynafit Vulcan på Sander og Dynafit One på Sigrid. 

 

Kajakk: Vally sine Aquanaut club til alt, Vally Aquanaut HV til lengre turar. Tiderace Xplore X til ekspedisjon. 

 

Årer: Werner Shuna med rett skaft og Werner Kaliste med bøygd skaft. 

 

Tørrdrakt: Kokatat! Ingen er bedre. 

 

Solbriller: Julbo er vår favoritt.  Spectron 4 eller Cameleon glas gjer at du ikkje vert sliten i augene. 

 

Sendar/mottakar: Mammut Barryvox Pulse 

 

Søkestang: Black Diamond Qiuckdraw

 

Spade: Voile Mini Telepro T6 shovel

 

 Noko anna du lurer på? Ta kontakt så legg me ut.