Toppturveka!

Dette er det du er ute etter, det du har sakna i endelause månadar.
 
No kan du få utløp for saknet. Gløym svette, innestengte treningssenter tettpakka av folk.

Gled deg heller over laussnø og flotte naturopplevingar.

Med Sogndal som utgangspunkt har me mykje av norges beste toppturterreng tilgjengeleg kun ein kort køyretur unna.
 
Sogndalsdalen, Fjærland og Jostedalen kan
vera nokre av områda me kjem til å nytta.

Desse dagane skal de få bu på Sogndal Lodge (kjent frå NRK serien Fjellfolk) og servert god mat etter endt tur.

I fire dagar brukar me all vår kløkt og kunnskap om kvar den gode snøen ligg.
Når me finn han, gjev me han til deg!

Me velger midtveke fordi det då er færre folk i fjellet og større moglegheit til å nyte ”kvitevarene” for seg sjøl, og ja, det er berre å forsyne seg fleire ganger!

Bli med på ei pudderkvit veke i Sogndalsfjella!
 
Dato 2017:
16.-19 januar, inkl. overnatting frå 15.-19. januar
13.-16 februar, inkl. overnatting frå 12.-16. februar
 
Oppmøte:
Sogndal Lodge, kl 20.00 kvelden før kurs start
 
Pris 2017:
6 800,- per pers, ved minimum 4 deltakarar
 

Pakken inneheld:

• 4 dagar på pudderjakt i dei snøsikre fjella i Sogn

• Kvalifisert instruktør som er utdanna gjennom Nortind eller NF

• Utstyr - S/M, spade og søkestang

• Overnatting på Sogndal Lodge i sentrum av Sogndal

• Middag - 3 dagar (mandag, tirsdag og onsdag)

• Sogndalspudder og god stemning!

 
Samarbeid med: