Austabotntind

 

La deg frista av ein nydeleg tur opp til Store Austabotntind. Dette er en luftig tur som passar for deg som ikkje føler deg klar til for dei vansklegaste og mest krevjande turane, men likevel vil ha ein spektakulær tur til ein av Hurrungane sine topper.  Toppen ligg på 2204  moh og me går same veg opp og ned.  

 

Turen til Austabotntind starter fra Bredalsbandet ved Tindevegen (12 km køyring frå  Turtagrø)  og fortsetter mot Vesttoppen. Der må ein gjerne sikrast med tau før ein går vidare over ryggen mot toppen av turen .

 

 

Krav til deltakaren

  • God fysisk form

 

Utstyrsliste

  • Gode klede til ein dag i fjellet:
  • Vind- og vanntette klede
  • Isolerende undertøy
  • Isolasjonsjakke, hanskar som ein kan klatre med og lua
  • Kraftige  fjellstøvlar (stive , som går over  ankelen)
  • Solbriller og solkrem
  • Hovudlykt
  • Ryggsekk 30-40l
  • Tilstrekkeleg med mat og drikke som gir  god energi 
  • Ta gjerne med ekstra hanskar

Klatreutstyr vil me gjerne at de ska ta med om de har sjølve, viss ikkje får de låna hjå oss. Gi beskjed om  kva de har.

Det de treng er:

  • Klatresele
  • 120 cm slynga
  • 2 skrukarabinar
  • Taubrems
  • Stegjern
  • Isøks
  • Hjelm

 

Fakta:

Dette er ein middels krevande tur som tek 8-10 timar og me stig omlag 900 høgdemeter. Me går over stein og  ulendt terreng, men det er ein tur som kan gjennomførast med litt ruske vær.

Klatringa ligg på 2 til 3    i vanskelegheitsgrad og sesongen er frå juni til september. Det er 1-2 gjester pr førar. 

 

Pris 2019

 

Vekepris:

(mandag-torsdag)

3000 kr for 2 personar

4500 kr for ein person

Helgepris:

(fredag-søndag)

3150 kr for 2 personar

4800 kr for ein person