Dyrhaugsryggen frå Bandet

Denne ruta over Dyrhaugsryggen er spektakulær og krevjande.

 

Me starter frå Turtagrø og går vidare opp Skagadalen til Bandet. Derifrå er  det  klatring opp til Søndre Dyrhaugstind. Turen går vidare over Midtre Dyrhaugstind og Store Dyrhaugstind, som ligg på 2147 moh.

 

 

Krav til deltakaren

  • God fysisk form
  • Generell klatreferdigheit

 

Utstyrsliste

  • Gode klede til ein dag i fjellet:
  • Vind- og vanntette klede
  • Isolerende undertøy
  • Isolasjonsjakke, hanskar som ein kan klatre med og lua
  • Kraftige  fjellstøvlar (stive , som går over  ankelen)
  • Solbriller og solkrem
  • Hovudlykt
  • Ryggsekk 30-40l
  • Tilstrekkeleg med mat og drikke som gir  god energi 
  • Ta gjerne med ekstra hanskar

Klatreutstyr vil me gjerne at de ska ta med om de har sjølve, viss ikkje får de låna hjå oss. Gi beskjed om  kva de har.

Det de treng er:

  • Klatresele
  • 120 cm slynga
  • 2 skrukarabinar
  • Taubrems
  • Stegjern
  • Isøks
  • Hjelm

 

Fakta:

Dette er ein  krevande tur som tek  omlag 12  timar og me stig omlag 1600 høgdemeter. Me går over stein og ulendt terreng og klatringa ligg på grad 4-.

Sesongen er frå juni til september. Det er 1-2 gjester pr førar. 

 

Pris 2019

 

Vekepris:

(mandag-torsdag)

4000 kr per pers, for 2 personar

5650 kr for ein person

Helgepris:

(fredag-søndag)

4300 kr per pers, for 2 personar

6000 kr for ein person