Skagastølsryggen

 

Skagastølsryggen er ein  heftig tur som går over ein spektakulær rygg og har ei fantastisk flott utsikt. Det er en tur fyllt med mykje klatring og smale parti, så det er ikkje ein tur for deg som slit med høgder. Utsikta og meistringa på toppen er definitivt verdt slitet!

 

Turen starter frå Turtagrø der turen går til Tindeklubhytta og vidare til Nordre Skagadølstind. Der får du ein fin utsikt innover ryggen mot Skagestølsnebbet og må på med klatreutstyret for å komme vidare til V-Skaret. Klatreturen fortset opp til Midtre Skagastølstind, Hals Hammer og Vetle Skagastølstind. Derifrå må de rappellera ned til Mohns Skar før turen avsluttast ved å klatra til toppen av Store Skagadølstind. Etter to rapellar går vegen vidare ned til hytta på Bandet, før ringen er slutta  ved Tindeklubhytta . Turen avsluttast ved  Turtagrø. 

 

 

Krav som stilles til deltakeren

  • Meget god fysisk form
  • Må takle høgde
  • Generell klatreferdigheit

Utstyrsliste

  • Gode klede til ein dag i fjellet:
  • Vind- og vanntette klede
  • Isolerende undertøy
  • Isolasjonsjakke, hanskar som ein kan klatre med og lua
  • Kraftige  fjellstøvlar (stive , som går over  ankelen)
  • Solbriller og solkrem
  • Hovudlykt
  • Ryggsekk 30-40l
  • Tilstrekkeleg med mat og drikke som gir  god energi 
  • Ta gjerne med ekstra hanskar

Klatreutstyr vil me gjerne at de ska ta med om de har sjølve, viss ikkje får de låna hjå oss. Gi beskjed om  kva de har.

Det de treng er:

  • Klatresele
  • 120 cm slynga
  • 2 skrukarabinar
  • Taubrems
  • Stegjern
  • Isøks
  • Hjelm

Fakta:

Dette er ein krevande tur som tek 12-15 timar og me stig  totalt over 2000 høgdemeter. Me går over mykje stein og bre, og det er ein lang og eksponert tur.

Klatringa ligg på 3 til 4 i vanskelegheitsgrad og sesongen er frå juni til september. Det er 1 gjest pr førar. 

 

Pris 2019

 

Vekepris:

(mandag-torsdag)

6600 kr for ein person

Helgepris:

(fredag-søndag)

7000 kr for ein person

 

Introkurs

Kjenner du deg litt rusten på klatringa eller har du ikkje klatra mykje før? Då kan me tilby eit kort innføringskurs kvelden før. Me går gjennom blant anna rappellering og enkle klatreteknikkar.

Pris 3000 kr.