Store Skagastølstind

 

 

Klatre til Storen som er Noregs tredje høgste fjell på 2405 moh. Våre erfarne guidar tek deg  trygt  til toppen som   ligg i eit av Norges mest spektakulere alpine fjellområde, Hurrungane. Toppen kan by på vanvittig utsikt. 

 

 

Turen startar tidleg på dagen ved Turtagrø hotell. Så det kan  vera lurt å vera på plass kvelden før.  Etter 7,5 km på sti, steinur og bre kjem de til Bandet, og derifrå vert det brattare og røffare terreng fram til Hjørnet. Siste delen av turen er det relativt enkel, men luftig og eksponert klatring. Klatringa går først opp til Galleriet og vidare opp til ei fjellhylle der de kan velga mellom å klatre vidare opp Vigdals Sva eller Heftyes Renne. Forholda og føraren   avgjer dette.

Vegen tilbake er omlag den samme som opp, med unntak av to rappellar.


 

Krav til deltakaren

  • Svært god fysisk form
  • Takle høgde

Utstyrsliste

  • Gode klede til ein dag i fjellet:
  • Vind- og vanntette klede
  • Isolerende undertøy
  • Isolasjonsjakke, hanskar som ein kan klatre med og lua
  • Kraftige  fjellstøvlar (stive , som går over  ankelen)
  • Solbriller og solkrem
  • Hovudlykt
  • Ryggsekk 30-40l
  • Tilstrekkeleg med mat og drikke som gir  god energi 
  • Ta gjerne med ekstra hanskar

Klatreutstyr vil me gjerne at de ska ta med om de har sjølve, viss ikkje får de låna hjå oss. Gi beskjed om  kva de har.

Det de treng er:

  • klatresele
  • 120 cm slynga
  • 2 skrukarabinar
  • taubrems
  • stegjern
  • isøks
  • hjelm

 

Fakta:

Dette er ein krevande tur som tek 10-12 timar og me stig omlag 1600 høgdemeter. Me går over stein og bre, og det er ein lang og eksponert tur.

Klatringa ligg på 3 til 5- i vanskelegheitsgrad og sesongen er frå juni til september. Det er 1-2 gjester pr førar. Me har også teke med folk på vinteren, så for spesiellt interesserte, ta kontakt.

 

Pris 2019

 

Vekepris:

(mandag-torsdag)

8000 kr for 2 personar

5700 kr for ein person

Helgepris:

(fredag-søndag)

8400 kr for 2 personar

6000 kr for ein person

 

Introkurs

Kjenner du deg litt rusten på klatringa eller har du ikkje klatra mykje før? Då kan me tilby eit kort innføringskurs kvelden før. Me går gjennom blant anna rappellering og enkle klatreteknikkar.

Pris 3000 kr.