Fjellklarekurs 5 dagar

Kvifor

Fjellklatrekurset vil gjera deg rusta for å klatra sikkert ute, samt fremja gleda ved å klatra ute. Du får ein grundig innføring i bruk av sikringsmidlar, taulagsrutinar og klatreteknikk.

 

Kvar

Kurset startar i Sogndal og held fram i fjellet, med Jotunheimen, Jostedalen og Kjøsnesfjorden som nokre av alternativa. På klatrefeltet Kvam i Sogndal finn me over 400 bolta ruter som er lett tilgjenglege. Her startar me kurset og tilpassar det dine behov. Når me er klare for lenger klatring flyttar me oss til heftigare fjellområder.

 

Når:

3.-7. juni 2019

 

Sesong:

Frå mai til oktober, ta kontakt om de ynskjer andre datoar.

 

Kven:

Kurset passar for deg som er i generell god form, men du må ikkje ha klatra noko frå før. Om du har klatra litt er det berre ein fordel, men ikkje noko krav. 

 

Pris 2019:

8300kr per pers, ved minimum 3 deltakarar.

 

Dag for dag

 

Dag 1:

 

Rappellering, taubrems og topptau

 

Første dagen vil me etter ein presentasjonsrunde finna ein eigna stad for å sjå på grunnutrustninga innan klatring. Fokus vil vera på topptauklatring, rappellering, klemknute og bruk av taubrems. Me skal gå gjennom dei viktigaste knutane innan klatring og sjå på korleis ein lagar sikre standplassar. 

 

Dag 2: 

 

Taulagsklatring, standplass og kommunikasjon

 

Me øver på taulagsklatring, inn og ut av standplass og kommunikasjon i taulaget. Du får læra å setta eigne sikringar og klatra på led. Sikring av klatrar på led, samt sikring frå standplass. 

 

Planlegging av neste dag med kart og kompass, samt alpine utfordringar. 

 

Dag 3: 

 

Til fjells! Trygge vegval

 

Me dreg til fjells og finn ei eigna klatrerute. Austabotntind kan vera aktuelt. Trygge vegval og klatring over fleire taulengder er tema. 

 

Planlegging av neste dag, me ser på været og ulike tur alternativ.

 

Dag 4:

 

Ut på tur, bli trygg i fjellet

 

Vær og føre bestemmer kvar me set kursen, men Søndre Dyrhøgstinden kan vera aktuelt. I dag drillar me taulagsrutine og brukar alt me har lært.

 

Dag 5:

 

Når uhellet er ute. Kameratredning

 

Me er ute å klatrar på eigne sikringar og ser på grunnleggande element innan kameratredning. 

Det vil vera klatring på tau ved hjelp av klemknutar, avbinding av taubrems og avlastning av tau. 

Mest truleg vil denne dagen vera i Sogndal.

 

Evaluering og oppsummering av kurset.

 

 

-  Kurset er praktisk retta og me freistar å strekka oss langt for å imøtekomma deltakarane sine behov og ynskjer. Me tek atterhald om vær og føre for å gjera endringar i programmet. Me vil freista å komma innom alle læringsmomenta som er nemnde om det skulle verta endringar i programmet.