Fjellsportkurs 6 dagar

Kvifor: 

Dette er eit komplett innføringskurs som gir deg grunnleggande kunnskap som du treng for å ferdast trygt i alpint landskap. Ein kombinasjon av ferdsel på snødekt bre, blåis og fjell. Me tek føre oss alt i frå utstyr, planlegging, rutinar og utfordringar med alpin ferdsel. 

 

Kvar: 

Kurset startar i Sogndal og held fram i fjellet, med Jotunheimen og Jostedalen som alternativ. På klatrefeltet Kvam i Sogndal finn me over 400 bolta ruter som er lett tilgjenglege med fjordutsikt. For heftigare klatring og bre flyttar me oss inn i Jostedalen eller Jotunheimen.


Når:

17.-22. juni 2019

 

Sesong:

Frå mai til oktober, ta kontakt om de ynskjer andre datoar.

 

Kven:

Kurset passar for deg som er i generell god form, men du må ikkje ha klatra eller vore på bre frå før. Om du har klatra litt er det berre ein fordel, men ikkje noko krav. 

 

Pris 2019:

8500kr per pers, ved minimum 3 deltakarar.

 

 

Dag for dag:

 

Dag 1:

Blåis

 

Første dagen vil me etter ein presentasjonsrunde finna ein eigna stad for å sjå på grunnutrustninga innan brevandring og klatring. Me går gjennom dei viktigaste knutane og utstyret. Dagen vil føregå på blåis, mest truleg Nigardsbreen i Jostedalen. 

 

Dag 2: 

Snødekt bre

 

Me ferdast i taulag og deltakarane får øva seg på trygge vegval. Redning og snøbakketeknikk vil vera element me går igjennom. 

 

Dag 3: 

Klatring

 

Fokus vil vera på topptauklatring, rappellering, klemknute og bruk av taubrems. Me skal gå gjennom dei viktigaste knutane innan klatring og sjå på korleis ein lagar sikre standplassar. Det vil vera ein dag med mykje klatring. Klatring i lågare strøk i Sogndal eller Jostedalen. 

 

Dag 4: 

Ut på tur

 

Me ser vær og føre an og legg opp til ein skikkeleg tur med både kryssing av bre og klatring. Me vil øva på taulagsrutinar og kommunikasjon, samt ha alpine utfordringar i fokus. 

 

Dag 5:

Ny tur

 

Ut på tur med fleire taulengder tilpassa vær. føre og deltakarane sitt behov og ynskje. Me drillar det me har lært og brukar alt i praksis. 

 

Dag 6:

Kameratredning

 

Meir klatring og me ser på grunnleggande element innan kameratredning. 

Det vil vera klatring på tau ved hjelp av klemknutar, avbinding av taubrems og avlastning av tau.

 

Evaluering og oppsummering av kurset. 

 

 

 

 - Kurset er praktisk retta og me freistar å stekka oss langt for å imøtekomma deltakarane sine behov og ynskjer. Me tek atterhald om vær og føre for å gjera endringar i programmet. Me vil freista å komma innom alle læringsmomenta som er nemnde om det skulle verta endringar i programmet.