Kileklatrekurs 3 dagar

Kileklatrekurset lærer deg korleis du trygt klatrar på eigne sikringar ute.  

 

Kvar:

 

Sogndal, Jostedalen, Kjøsnesfjorden og Hurrungane er perfekte leikeplassar! Me startar i Sogndal på klatrefelt og bevegar oss til Jostedalen, Kjøsnesfjorden eller Hurrungane siste dagen. 

 

Når:

10.-12. juni 2019

 

Sesong:

Frå mai til oktober, ta kontakt om de ynskjer andre datoar.

 

Kven:

Kurset passar for deg som er i generell god form, men du må ikkje ha klatra noko frå før. Om du har klatra litt er det berre ein fordel, men ikkje noko krav.

 

Pris 2019:

4950kr per pers, ved minimum 3 deltakarar.

 

Dag for dag:

 

Dag 1: 

Grunnleggande klatring og utstyr

 

Første dagen vil me etter ein presentasjonsrunde sjå på grunnutrustninga innan klatring. Me går gjennom dei viktigaste knutane og utstyret. Fokus vil vera på topptauklatring, rappellering, klemknute og bruk av taubrems.

 

Dag 2: 

Standplass, taulagsrutinar og sikringsmidlar

 

Me ser på dei viktigaste sikringsmidlane og kvar du må bruka kvar. Me har fokus på å laga gode standplassar og klatring over fleire taulenger. Kommunikasjon i taulaget samt gode rutinar er læringsmoment. 

 

Dag 3: 

Til fjells

 

Me skal ut å bruka det me har lært dei to siste dagane. Mest truleg vert det Jotunheimen eller Jostedalen, men Kjøsnesfjorden kan og vera eit godt alternativ. Klatring med fleire taulengder og repetisjon av det me har lært. 


 

 

- Kurset er praktisk retta og me freistar å stekka oss langt for å imøtekomma deltakarane sine behov og ynskjer. Me tek atterhald om vær og føre for å gjera endringar i programmet. Me vil freista å komma innom alle læringsmomenta som er nemnde om det skulle verta endringar i programmet.