SKREDKURS 3 DAGAR

Fleire og fleire tar turen ut i vinterfjellet med alpine toppturski.

Dette praktiske kurset har som mål å forberede deg på korleis du forholder deg til i bratt og skredutsatt skiterreng om du er en skikøyrar eller toppturgåer.

Med Sogndal som utgangspunkt har me mykje av norges beste topptur terreng tilgjengeleg kun ein kort køyretur unna.

Sogndalsdalen, Fjærland og Jostedalen kan vera nokre av områda me kjem til å nytta.
 
Under kurset skal de få bu på Sogndal Lodge (kjent frå NRK serien Fjellfolk) og det er også der teoriøktene inne vil vera.

Me prøver å benytte reelt terreng og få mykje øving undervegs på tur.
 

Dato 2019:

18.-20. januar, inkl. overnatting frå 17.-20. januar - FULLT

8.-10. februar, inkl. overnatting frå 7.-10. februar

 

Oppmøte:
Sogndal Lodge, kl 20.00 kvelden før kurs start

 

Pris 2019:

4600,- per pers, ved minimum 4 deltakarar



Sentrale tema vil vera:
  • Turplanlegging
  • Trygge vegval
  • Ferdselsmønster
  • Gjennkjenne skredterreng
  • Kameratredning

Inkludert i pakken:

  • 3 dagar på topptur i dei snøsikre fjella i Sogn
  • Kvalifisert instruktør  som er utdanna gjennom Nortind eller NF
  • Utstyr - S/M, spade og søkestang
  • Overnatting på Sogndal Lodge i sentrum av Sogndal
  • Smak av kva Sogn har å by på av  muligheiter for topptur
  • Sogndalspudder!