TOPPTURKURS

Bli med oss på 3 dagars toppturkurs i fjella rundt Sogndal og lær meir om det å gå på topptur og alt anna som høyrer med på turen.

Følelsen av å køyre ned ei urørt fjellside full av puddersnø etter att du har tråkka eigne spor
opp til toppen er ubeskriveleg.

Med Sogndal som utgangspunkt har me mykje av norges beste topptur terreng tilgjengeleg kun ein kort køyretur unna.

Sogndalsdalen, Fjærland og Jostedalen kan vera nokre av områda me kjem til å nytta. Under kurset skal de få bu på Sogndal Lodge og det er også der teoriøktene inne vil vera.

Målsetning

Dette kurset er for deg som ynskjer å få ei innføring i det å gå på topptur og etter endt kurs skal du sitta att med nokre grunnleggande verktøy for å bevega deg inn i vinterfjellet. Me kjem til å bruka tid på det å forstå kva skredfarleg terreng er og korleis ein kan ferdast trygt.

Det meste av kurset kjem til å vera ute i fjellet og me kjem til å vera på tur kvar dag.
 

Dato 2019:
  25.-27. januar, inkl. overnatting frå 24.-27. januar
  8.-10. februar, inkl. overnatting frå 7.-10. februar

Oppmøte:
Sogndal Lodge, kl 20.00 kvelden før kurs start


Pris 2019:
  4 600,- per pers, ved minimum 4 deltakarar
 

Du får ein innføring i mellom anna:
  • Utsyr - kva utstyr du treng og korleis ein brukar og tilpassar det
  • Skiteknikk til opp og nedturen
  • Turplanlegging
  • Vegval
  • Kart, kompass og GPS
  • Skredvarsel - innføring i varsom.no
  • Gjenkjenne skredfarleg terreng
  • Skredredning

Inkludert i prisen:

  • 3 dagar på topptur i dei snøsikre fjella i Sogn
  • Kvalifisert instruktør  som er utdanna gjennom Nortind eller NF
  • Utstyr - S/M, spade og søkestang
  • Overnatting på Sogndal Lodge i sentrum av Sogndal
  • Smak av kva Sogn har å by på av muligheiter for topptur
  • Sogndalspudder!