Spesialitetar

Me har nokre guida turar og spesielle opplegg som me har spesialisert oss på.

 

Dette er eventyr som me gjer ofte og som me ha gode erfaringar med.

 

Les meir om våre spesialiteter og bli med oss på tur!

 

 

Vinterklatring

Har du klatra Store Skagastølstind om sommaren og kunne 

tenkja deg å prøva deg på vinteren også? 

 

Eller vil du gå for ei vinterbestigning som første gong? Ta med deg ein av dei beste fjellførarane, med erfaring i frå ekstrem klatring og årevis med alpinklatring. 

 

 

Om turen

 

Dag 1: Turtagrø og avmarsj

 

Me møtes kvelden før ved Turtagrø der me går gjennom utstyret ein siste gong, før me startar turen innover Skagadalen. Etter ein times gange slår me leir for kvelden.

 

Dag 2: Hovudlykt og klatring

 

Tidleg opp! Me startar før det er lyst, og går dei fyrste timane med hovudlykt. Når me er kommen til “hytta på bandet” set me att skia og tek på klatreutstyret, før me fortset til fots. Herifrå er det klatring heilt til topps. Me returnerar ned att den same vegen som opp, men omgår dei vanskelegaste partia ved å rappellera forbi. Den siste biten på ski ned til leiren kan det vera nødvendig å bruka hovudlykta att.

 

Dag 3: Roleg frokost og retur

 

Etter ei god natt søvn og ein roleg frokost returnerar me ned til bilen, der turen vert avslutta.

 

 

Pris:     14 900 kr (1 pers per guide)

 

Utstyr: Randoski eller liknandes m/langfeller, klatresele,

               klatrehjelm, stegjern,isøks, sovepose,

               skallbekledning (ta kontakt for komplett

               utstyrsliste).

 

Leige av utstyr: Om de manglar noko av utstyret er det  

                               muleg å leiga alt i frå ski til telt.

 

Aldersgrense:    18år