Event

Bedriftsarrangement? Møteaktivitet? Utdrikningslag? Anna arrangement?

 

Me lagar din event i Sogn.

Du fortel oss kva du vil ha- me skreddarsyr det for deg. Me tek oppdrag for 2 personar til grupper på fleire hundre.
Her er noko av det me kan sy saman:

 

Kajakk

Klatring Bretur
Ski Sykkel Fjelltur
Båttur RIB Teambuilding
Leikar Symjing Mat
Grilling Fiske/Isfiske Yoga
Gardsbesøk Lavvo Overnatting
Overnatta ute Kurs Juving
Transport Helikopter Ridetur
    Galskap

 

 

Møte/Kurs på Sogndal Lodge

 

Langbordet hjå oss tek 18 personar og stemingen vert intim når du tek av deg skoa og tek på heimelaga tjukkelabbar. 

 

Sogndal Lodge har:

  • Internett
  • Prosjektor
  • Lerret
  • Flipover
  • God stemning

 

De kan få møtemat med lokal frukt og drikke og me ordnar lunsj med lokale råvarer. Vil de ha middag etter møtet, skaffar me flinke kokkar som diskar opp med for eksempel hjort, tiur, villkveita og heimelaga blåbæris. 

 

Underhalding, føredrag eller teambuiling kan og bestillast.