Josten på langs

"Josten på langs" er ein klassisk skitur som fortjenar alle lovord. Dette er kontrastanes tur!

Frå fjell til fjord over mektige Jostedalsbreen.

 

Me held alt av (god!) mat, fellesutstyr, transport, samling og mat kvelden før, overnatting på den heimakoslege Sogndal Lodge og felles middag når me kjem ned att. Kom og bli med på vestlandseventyret vårt.

 

DATOAR 2019:

9.-12. mai

 

- for påmelding ta kontakt!

 

Dag 1

Me møtest på Sogndal Lodge, et middag i lag og planlegg turen.

 

Dag 2

Transport frå Sogndal til Jostedalen, og me startar med skia på sekken inn dalen til Fåbergstølsbreen. Opp breen tek me på oss skia og tek det roleg opp bakkane, for denne dagen tek me mykje av stigninga, omlag 1400 høgdemeter med stigning og 19 km. Etter 3 rettars middag lover me at du søv godt i soveposen.

 

Dag 3

Me går heile dagen på breen mot Fjærland, med flotte tindar på alle kantar. Topptur undervegs kan vera mogleg. Denne dagen går me omlag  34 km, 750 m med stigning og 1200 m nedgang.

 

Dag 4

Etter morgonkaffien i eller ved teltet startar me nedstigninga mot blå fjord og grøne marker. Me går forbi Flatbrehytta med verdas finaste utsikt, før me kjennar lukta av vår ned mot fjorden. Kanskje eit bad i fjorden freistar? Transport tilbake til Sogndal. Me avsluttar med middag på Sogndal Lodge.

 

Varigheit: 3 dagar + kvelden før

                 Min 8 gjester/Maks 12 gjester 

                 Start og slutt Sogndal sentrum

 

Pris 2018:

6 900,- per pers.

 

Inkludert i prisen:

-Ei overnatting på Sogndal Lodge før turen

-Middag og frukost før turen

-Transport til Jostedalen

-Alt fellesutstyr som telt, brennarar, spade og redningsutstyr

-God mat på heile turen

-Transport tilbake frå Fjærland til Sogndal

-Middag på Lodgen etter turen

 

 

Førebuing til turen:

Du må kunna bera 20 kg sekk i ein heil dag, samt tåla

1400 høgdemeter med sekken på. Skiturar på vanlege fjellski med sekk på, er god trening.