SKREDKURS 3 DAGAR

Fleire og fleire tar turen ut i vinterfjellet med alpine toppturski.
 

Dato og pris 2021:

  • 22-24. januar, inkl. overnatting frå 21-24. januar 
  • 12-14. mars, inkl. overnatting frå 11-14. mars 
  4900,- per pers, ved minimum 4 deltakarar
 
Meld deg på her!

Dette praktiske kurset har som mål å forberede deg på korleis du forholder deg til i bratt og skredutsatt skiterreng om du er en skikøyrar eller toppturgåer.

Med Sogndal som utgangspunkt har me mykje av norges beste topptur terreng tilgjengeleg kun ein kort køyretur unna.

Sogndalsdalen, Fjærland og Jostedalen kan vera nokre av områda me kjem til å nytta.
 
Under kurset skal de få bu på Sogndal Lodge (kjent frå NRK serien Fjellfolk) og det er også der teoriøktene inne vil vera.

Me prøver å benytte reelt terreng og få mykje øving undervegs på tur.
  
Oppmøte:
Sogndal Lodge, kl 20.00 kvelden før kurs start

 

Utstyr du treng: 
  • Randoski
  • Stavar
  • Feller
  • Sekk
  • Spade
  • Søkestang
  • Senar/mottakar (skredsøkar)
  • Hjelm
Sentrale tema vil vera:
  • Turplanlegging
  • Trygge vegval
  • Ferdselsmønster
  • Gjennkjenne skredterreng
  • Kameratredning

Inkludert i pakken:

  • 3 dagar på topptur i dei snøsikre fjella i Sogn
  • Kvalifisert instruktør  som er utdanna gjennom Nortind eller NF
  • Utstyr - S/M, spade og søkestang
  • Overnatting på Sogndal Lodge i sentrum av Sogndal
  • Smak av kva Sogn har å by på av  muligheiter for topptur
  • Sogndalspudder!

 

 Meld deg på her!