TOPPTURKURS

Bli med på 3 dagars toppturkurs med våre sertifiserte guidar i fjella rundt Sogndal. Kurset er for deg som ynskjer å få ei innføring i det å gå på topptur.
 
Dato og pris 2020:

4600,- per pers (min. 4 deltakarar). MELD DEG PÅ!

 

Ynskjer du kurs eller guiding andre datoar? Ta kontakt.

 

Meir om kurset
Me har norges beste toppturterreng lett tilgjengeleg.  Sogndalsdalen, Fjærland og Jostedalen er nokre av områda me kjem til å nytta.
 
Under kurset skal de få bu på Sogndal Lodge, der også teoriøktene vil vera.

Målsetning
Kurset er for deg som ynskjer ei innføring i å gå på topptur. Etter endt kurs skal du sitta att med grunnleggande verktøy for å bevega deg trygt inn i vinterfjellet. Me brukar tid på å forstå kva skredfarleg terreng er og korleis ein kan ferdast trygt.

Det meste av kurset kjem er ute i fjellet og me kjem til å vera på tur kvar dag.

Oppmøte:

Sogndal Lodge, kl 20.00 kvelden før kursstart.

 
Utstyr du treng: 
  • Randoski
  • Stavar
  • Feller
  • Sekk
  • Spade
  • Søkestang
  • Senar/mottakar (skredsøkar)
  • Hjelm

Du får ein innføring i mellom anna:
  • Utsyr - kva utstyr du treng og korleis ein brukar og tilpassar det
  • Skiteknikk til opp og nedturen
  • Turplanlegging
  • Vegval
  • Kart, kompass og GPS
  • Skredvarsel - innføring i varsom.no
  • Gjenkjenne skredfarleg terreng
  • Skredredning

Inkludert i prisen:

  • 3 dagar på topptur i dei snøsikre fjella i Sogn
  • Kvalifisert instruktør  som er utdanna gjennom Nortind eller NF
  • Utstyr - S/M, spade og søkestang
  • Overnatting på Sogndal Lodge i sentrum av Sogndal
  • Smak av kva Sogn har å by på av muligheiter for topptur
  • Sogndalspudder!

 

Meld deg på her!